4. september 2008

NY BLOGG!

"Eg vurderar seriøst å skaffe meg ny blogg. Ikkje fordi eg er misfornøgd med blogspot eller bloggen min generelt, men rett og slett fordi mine kjære slektningar på Island har vore så "snille" og gitt linken til bloggen min til pappa. Og er det noko eg mislikar sterkt, så er det at han og mamma skal vite alt eg gjer på, alt eg tenkjer, og alt eg skriv om her. Dette er min blogg, som skal handle om meg, berre meg. Mamma og pappa er dei einaste personane i heile verda eg har eit sterkt ønske om at ikkje skal lese bloggen min. Rett og slett av den grunn at sjølv om eg vel å brette ut livet mitt på nettet, er det ting eg skriv her som dei ikkje har godt av å vite, eller som dei ikkje treng å vite.

Derfor har eg funne ut at eg skal skaffe meg ny blogg. Skal fikse det no straks eller i morgon, så snart eg har komt på eit nytt namn til den. Skal ikkje legge linken her, for då er jo heile vitsen vekk. Har planar om å legge linken på lillenicket mitt på msn, og på nettby. Dersom du ikkje finn den der kan du godt legge igjen ein kommentar her, med e-post-adressa di, namnet ditt på nettby eller noko slikt, så kan eg sende linken til deg.

Slik går det altså når foreldre skal blande seg inn i alt. Alt blir berre styyr."


Miatherese00.blogspot.com er herved nedlagt.
- No er den nye bloggen i boks! Sjekk msn, nettby, eller legg igjen kommentar med e-post-adressa di eller noko slikt, så skal eg sende linken til deg! :)